Important Announcement
PubHTML5 Scheduled Server Maintenance on (GMT) Sunday, June 26th, 2:00 am - 8:00 am.
PubHTML5 site will be inoperative during the times indicated!

Home Explore 2021-01

2021-01

Published by West Media, 2021-06-16 22:37:34

Description: LIL-Posten Juni 2021

Search

Read the Text Version

STRÅLANDE VINTERVÊRSPOND CLUBVARDEVEGENLØPEGRUPPESKEISEISFOTBALLHALLJuni 2021InformasjonsbladLarsnes IdrottslagLILPOSTENFoto: Håkon VestnesMagisk utsikt frå Grøthornet

Første halvår har sjølvsagt vore prega av pandemien. Mange reglar som begrensa aktivitet, mykje fortolkningar og meirarbeid – og mindre aktivitet. Gruppene med leiarane i spissen har stått i dette på ein framifrå måte - og det var stort no når t.d. dei aldersbestemte fotballaga på nytt kan spele kampar mot lag frå andre kommuner på Søre.Av aktivitetar så må vinteren nemnast. Idrettslaget var med å legge tilrette både for ski og skøyter, og vi fekk ei god periode der mange kom seg ut og kunne vere aktive på ein annen måte enn det vanlege. Evna til å snu seg rundt å legge til rette er absolutt tilstades!Anna arbeid har gått godt, anlegg er ein driftig gjeng. Dei har rydda - og står no for eit større vedlikehaldsarbeid på stadion. Trim legg til rette og arrangerer turar i fjellet, turn, fotball, e-sport og allidrett har gjort det som har vore muleg innfor dei rammer vi har hatt.Store prosjekt som er omtala i dette nr. av LIL-posten er fotballhall, Vardevegen – og e-sport rommet i Larsneshallen. Det er god tradisjon i idrettslaget for å arbeide over tid med større anlegg som kjem bygda tilgode – desse tre prosjekta kan og realiserast, men det kjem ikkje av seg sjølv!LIL-post og ny heimside er viktige for å kunne kommunisere kva tilbod laget gjev, og ein fin plass å vise fram dei gode sponsorane som vi har. LIL er ein frivilleg organisasjon som i stor grad får økonomi til drifta gjennom sponsorar – takk til alle dokke!Sumarsamkome vert det og i år, og det er rett og viktig at vi kan skape arrangement i trygge rammer når landet og bygda vår skal opnast til eit meir normalt liv etter kvart. Vi håper at det vert starten på ei periode der det vert opna meir og meir - og at vi kan få legge til rette for meir aktivitet i haustsesongen både for store og små.Så er vi ein medlems-organisasjon. Vi har gått over på eit anna system for betaling av medlemskap og trur det fungerer bra etter kvart - mange medlemmer gjev oss økonomisk støtte og viser at vi har støtte i bygda – så betal kontigenten og støtt idrettslaget! God sommar til alle!Bård DalenLeiar Larsnes ILKanskje ser vi fram i ei meir normal tid til hausten? Den nystarta løpegruppa på tur til Nupatinden.Foto: Asle Johansen2 - LIL-Posten - Juni 2021

Larsnes IL har ein stor og brei aktivitet, og fått fleire grupper. Med vårt klima så treng vi innendørs areal for å drive god heilårsidrett.Kapasiteten i Larsneshallen er til tider sprengt, og ved å bygge ein fotballhall vil vi frigjere tid til andre idrettar inne i den. Fotball er heilårsidrett og med ein hall kan ein drive gode treningar og kampar gjennom heile året.Vi tenkjer ein 60x40m hall plassert på noverande kunstgrasbane. Plassering er avklara med kommunen. Det vert truleg ein Rubbhall der vi kan nytte garderober i Larsneshallen - prislapp på hallen ca 10 mill.Vi treng om lag 3,5 mill i friske midlar skal vi få dette på plass, til no har vi om lag 1,5 mill av desse på plass. Arbeidsgruppa håper på at vi kan få laga ein komplett søknad om spelemidlar som kan sendast inn i haust. Stor aktivitet og sprengt kapasitet i Larsneshallen - Larsnes IL jobbar for å bygge fotballhall.Vi har mange gode aktivitetar retta mot born og unge i idrettslaget, men det har vore lengre mellom dei organiserte aktivitetane retta mot vaksne. Dette har vi tatt tak i, og sidan påske har vi hatt ei aktiv løpegruppe som har ykter ein gong i veka. Det er treningsguru Asle Johansen som står i spissen for planlegging og organisering, men alle kan kome med innspel om ynskjelege ykter. Det har til no vore 4x4 intervallar, 3x5 bakkeintervallar og joggeturar til Storehornet og Nupatinden som har stått på agendaen.Aktiviteten føregår onsdagskveldane, og planlegging skjer i eiga Spond-gruppe, som har kode VYYIH. Dette er eit lavterskel-tilbod der alle er velkomne uavhengig av alder og fysisk form, der det sosiale er ein viktig faktor. Det er plass til fleire, så det er berre å hive seg med!PLANLEGG FOTBALLHALLNYSTARTA LØPEGRUPPEYnskjer du å betre kondisjonen din? Gjerne samanmed andre?LIL-Posten - Juni 2021 - 3

Vi lovar å gjere ein forskjell. Vi skal skape tillit. Vi skal skape rammer og fridom. Skape sunn økonomi. Vi skal skape ein forskjell der du bur, skape aktivitetar for borna, skape møteplassar for dei som tenkjer stort.Vi sjåast på Sandemessa Din bank på heimebaneKjell Ove Vasstrand 957 81 [email protected] Sandanger 918 34 [email protected]ørg Hageselle 991 61 [email protected] Dalen Slettestøl480 71 471 [email protected] Ekroll Hjelle476 40 [email protected]ørn Velle Eiendomsmegler MNEF901 50 616/ [email protected] er til stades på Larsnes for deg.Din bank på heimebaneFoto: TVi lover å gjere ein forskjell. Vi skal skape tillit. Vi skal skape rammer og fridom. Skape sunn økonomi. Vi skal skape ein forskjell der du bur, skape aktivitetar for barna og skape møteplassar for dei som tenker stort. Preben SætreFinansiell rådgivar480 26 [email protected] Espen SandeFinansiell rådgivar 954 04 [email protected] Ove VasstrandBanksjef Larsnes957 81 [email protected] SandangerAut. finansiell rådgivar 918 34 [email protected] Dalen SlettestølAut. finansiell rådgivarPermisjonDin bank på heimebaneFoto: Trygve GaustadVi lover å gjere ein forskjell. Vi skal skape tillit. Vi skal skape rammer og fridom. Skape sunn økonomi. Vi skal skape ein forskjell der du bur, skape aktivitetar for barna og skape møteplassar for dei som tenker stort. Din bank på heimebaneFVi lover å gjere ein forskjell. Vi skal skape tillit. Vi skal skape rammer og fridom. Skape sunn økonomi. Vi skal skape ein forskjell der du bur, skape aktivitetar for barna og skape møteplassar for dei som tenker stort. Preben SætreFinansiell rådgivar480 26 [email protected] Espen SandeFinansiell rådgivar 954 04 [email protected] Ove VasstrandBanksjef Larsnes957 81 [email protected] SandangerAut. finansiell rådgivar 918 34 [email protected] Dalen SlettestølAut. finansiell rådgivarPermisjon4 - LIL-Posten - Juni 2021

LIL-Posten - November 2020Det har vore investert i to robotklipparar til grasbana på stadion. Det har vore litt startvanskar, men når desse fungerer, vil det vere ei betydeleg avlastning for arbeidsmaurane våre som har sin andre heim “utpå bana”. Anleggsnemnda har denne våren runda av ryddearbeidet med å tømme loftet på klubbhuset for rusk og rask. No er fokuset over på vedlikehald, og vi har konsentrert oss om området ved stadion. Her er vi i ferd med å gi anlegget ei skikkeleg ansiktsløfting. Klubbhuset er på det nærmaste ferdig måla, berre detaljar står att. Gjerdet er reparert og gjort klart til eit siste målingsstrøk; det vert så fint!På løpebana har vi hatt to traktorar i sving som har “brøyta” vekk tonnevis med gras og torv som har samla seg over år. No liknar det på ei løpebane igjen, så får vi sjå om det vert eit nytt topplag med sand. Det har vore gjort ein stor innsats frå nemnda og nokre få handplukka til dette arbeidet, og anleggsnemnda set stor pris på all hjelp. Vi er ei lita gruppe, og er avhengig av hjelp frå bygda når vi tek slike skippertak som dette. Stor takk til alle som har bidrege, og vel møtt til dei som “melder seg på” i sluttspurten.Stor takk til Sparebanken Møre for økonomisk støtte!Helsing anleggsgruppaNYTT FRÅ ANLEGGMargunn Rekdal er noko bekymra for at Edvard Inge Rekdal skal søle måling, rapportane seier at det gjekk bra.Når det no ikkje var meir å rydde i, så set anleggsgruppai gong storstilt vedlikehaldsarbeid.Klubbhuset får ny farge, og stadion elles får eit stort lyft. LIL-Posten - Juni 2021 - 5

Vinteren 2021 vart på fleire måtar ein heilt spesiell vinter. Julefeiring utan julefestar og juleselskap, og nedstenging av landet og det sosiale livet rett over nyttår. På den positive sida vart vintervêret eksepsjonelt bra i år. Sjeldan har vi hatt så fint vêr og føre så lenge.Det vart stor utfart i fjellområda i nærleiken, og spesielt flott vart turen til Nupatinden. Bjørn og Mariann Skoge tok seg ein tur og trakka løypa, og då var det gjort. Det var svært mange som nytta høve til å gå denne fantastiske turen.Turen starta ved Doperlå, og gjekk i fjellsida utover forbi Storehornet. Der møtte løypa råsa, og fylgde den ut til tinden. Løypa vart til slutt så nedtrakka at det vart vanskeleg å gå for dei som var seinast ute. Hugs til neste gong å ver tidleg ute, så du får best føre.Elles var det svært mange som gjekk turen frå Drageskaret til Gapahuken i Sandmyra. Ein lett og fint tur, med nydeleg utsikt og føre innover fjellet. Dei aller sprekaste tok turen opp longhammarane og innover mot Keipen og Veten. Vi har heldigvis relativt snille fjellområder med tanke på skred, og så langt ein veit var det ikkje ulukker av noko slag. Det er svært bra!Andre stadar rundt i regionen vår vart det trakka løyper med snøscooter. Kanskje kan det vere noko å satse på dersom det viser seg at vi får fleire slike vintrar. No er det vel relativt lågt sannsyn for det, så kanskje investering i snøscooter ikkje er det smartaste.Det er likevel viktig å sende ei takk til brøytemannskapet som rydda parkeringsplassen på Drageskaret. Dette vart gjort på frivillig basis, då slike plassar kjem lågt på prioriteringslista til vegvesen og kommune når det kjem så mykje snøv som i vinter. Tusen takk!Så kan det vere lurt å fylgje med på tilbod og sluttsal av vinterutstyr, for det kan faktisk kome like fint vintervêr også komande vinter. Då er det litt kjedeleg å ikkje få fatt i utstyr.Kven skulle tru vi kunne få fleire veker med fantastisk skiføre?Tekst og foto: Håkon Vestnes6 - LIL-Posten - Juni 2021

Det har vore gjennomført to størrearrangementsistehalvåretderanleggharvore bidragsytarar i høve til­rettelegging.Sumarsamkomegjekkav stabelen i juni i noko mindre omfang enn tidlegare år. Rigging, tilkøyring og ned rigging gjekk greitt. Stor innsats frå John Magne og flokken hans. Nytt av året var aktivitetsdag på stadion, der det vart merka løpebane til 60­meter og bakkeløp, og hoppegropa vart fornya med sand og merke­stav. Miniturneringa i september gjekk også som planlagt, med tilpasningar til den situasjonen samfunnet vårt er i. Gjennom heile sesongen har Rasmus og Torbjørn vore i sving ved stadion. Graset er gjødsla, vatna, klipt og stelt etter alle kunstens reglar, og grasmatta har ein kvalitet mange misunner oss. All ære til dei to arbeidsmaurane våre. Eg sjølv tok utfordringa med å lære banemerking, godt støtta av meister Otto. Bana har vore i bruk til treningar både for LIL og LGFK, og LIL har spelt mange av sine heimekampar på gras. Seniorspel har det ikkje vore i år. Det har elles vore utført noko dugnadsarbeid; reparasjon av deler av tribuna og generell rydding. Ein kom ikkje så langt ein skulle ønske med malingsarbeid og reparasjon av gjerde, det står på planen til neste år.Ved anlegget i Vardane har hovudfokuset vore på rydding og generelt stell av området. Kunstgraset vart kosta før sommarferien,medstorinnsats frå Aadne, Olav og spelarane deira, under kyndig rettleiing frå Torbjørn.Netta og måla har vore fiksa og bøtt, Kolbjørn har vore i sving med bøtenåla. I samarbeid med FAU ved Larsnes skule, vart det halde stor ryddedugnad i september. Anlegg fekk rydda resten av bygningane, og det vart klipt og stelt i store deler av skråningane rundt både grus­ og kunstgrasbane. Skuleelevane kosa seg med å bere greiner til bålet, godt passa av fyrbøtarane John Magne og Karl Artur.Kioskteneste har gått på omgang blant foreldre med spelararpåbana,godtorganisert av Elena. Siste reklameskilta kom på plass i hallen i sommar.Anlegg takkar alle som har bidrege til at sesongen har gått knirkefritt i høve både arrangement, løpande dugnad og tilretteleggingsarbeid, og takk til sponsorar for god støtte.Anleggsnemnda: Toril (ref), Rasmus,Torbjørn,JohnMagne, Elena, Kolbjørn, Det har vore mykje og god t har vore mykje og god Deaktivitet i tivitet i ak anleggsnemnda i år. i år. Engasjerte gasjerte Enildsjeler er avgjerande!er avgjerande!Har det på stell!Har det på stell!Foto: Håkon VestnesVINTERSTEMNINGINTERSTEMNINGVLIL-Posten - Juni 2021 - 7

Vi er no straks ferdig med vårsesongen, det har vore mykje spanande e-sport aktivitet, men ikkje så mykje som vi kunne tenkt oss. Vi har vore tilbakehaldne med å arrangere aktivitetar der kohortar må krysse. Så langt har vi hatt gamingkveldar i gong på klubbloftet, og det er svært godt oppmøte med tilnærma 100% deltaking. Borna kosar seg, og har det triveleg saman.I sommar skal vi i samarbeid med Sande kommune arrangere e-sport camp. Her vert det proffe instruktørar, og mykje gaming. Vi har vore så heldige å få låne PCar med Tussa, og har gjennom samarbeid med Metizport og Volda E-Sport fått tak i instruktørar. Vi gler oss stort til dette.Til hausten håpar vi å kome i gong med resten av aktiviteten vår. Vi har fått 170 000 kr i tilskot frå BUFDIR, og har dermed godt med midlar til å drive e-sport aktivitet. Vi er i sluttfasen med planlegging av eige e-sport lokale i tilknyting til klubbloftet (tribunearealet i hallen). Her vil vi få eit litt meir fast tilhald med utstyret, og det vert såleis enklare å drive litt meir målretta trening i enkeltspel.Dette halvåret har vi også hatt møter med Tussa og andre e-sport-klubbar i området. Målsetjinga er å etablere ein breiddekonkurransearena på Søre Sunnmøre. Kanskje det kan verte ein digital Søreserie?Vi er umåteleg glade for sponsorane våre, og det hadde ikkje vore muleg å fått i gong aktiviteten vår utan dei. Vi vil også takke alle foreldre som har vore vakter på gamingkveldane dette halvåret. Innsatsen dykkar gjer at det er muleg å halde i gong aktiviteten vår.Så kryssar vi fingrane for ein meir normal haust, der vi også kan få i gong Pokèmon Go og LAN aktiviteten vår.Beste helsingStyret i Sande E-SportHåkon VestnesSilje Ekroll RiborgMerete GrønnevikLudvik Brune LeikangerAndreas SkogeEige e-sport lokale, meir aktivitet, tilskotsmidlar, og ny arena for breiddekonkurranse.MYKJE E-SPORT PÅ GONG8 - LIL-Posten - Juni 2021

I løpet av dei neste vekene skal vi setje opp lavvo i Hesthammarvika i Nupen. Ved å setje inn vedovn håpar vi det kan forlenge sesongbruken. Vedfyring er stas uansett! Det er fleire som har meldt seg for å hjelpe til å setje han opp, det er kjekt. Det er meininga at alle skal kunne bruke lavvoen, og ein treng ikkje avtale noko. Så får ein håpe det vil gå fint med tanke på at alle ryddar opp etter seg, at ein forlet lavvoen i lik stand som når ein kom. Det er sauer der, og hugs at der er eit led heilt i starten av grusvegen; viktig å late att. Parkering ved fjøset til Maria / Ingvald.Vi vil rette ei stor takk til Maria Waaler-Nupen som har gitt løyve til lån av grunn, og til Mare Safesea som har sponsa lavvo og ovn! Dette håpar vi vert eit kjekt tiltak som mange kan ha glede av framover. Helsing frå Trimgruppa Trygve, Marta, Torgrim, Elisabeth og Ståle. Kva kan vel vere betre enn å samlast i ein lavvo i Nupen, fyre i ovnen, og nyte solnedgonen?LAVVO MEDVEDFYRINGTrimgruppa er på synfaring for plassering av Lavvo.LIL-Posten - Juni 2021 - 9

Fotballgruppa har i sesongen 2021 påmeldt 9 lag i kretsen. Det er fordelt på 6 lag i barnefotballen, 2 lag i ungdomsfotballen og eit senior 7-er lag for herre.Herrelaget ventar fortsatt på klarsignal til å starte opp skikkelige treningar, men dei andre laga er godt i gong med treningar og kampar. I skrivande stund ventar vi på trinn 3 i gjenåpninga der vi kan spele kampar innad i heile kretsen og ikkje berre i nabokommuner. Kanskje er vi der når denne LIL-posten kjem i trykken.Tradisjonen tru planlegg vi å arrangere fotballskule veka før skulen startar. I år vert det 17-19 august. Det er tre kjekke dagar fulle med fotballmoro, vennskap og god mat. Håper mange ønsker å bli med på det. Fotballgruppa skal arrangere sommarskule i veke 26 for 5-10 klasse. Her vert det både fotball og anna spennande aktivitet med flinke instruktørar.I tillegg håpar vi på å få arrangere miniturneringar for minilaga våre. Det brukar å vere hektiske, men fantastisk fine dagar på stadion med yrande liv og mange kampar. I desse dagar er det også en ny båt som skal reingjerast på Larsnes Mek. Fotballgruppa har som alltid teke på seg oppdraget, og det er gode pengar på konto. Tusen takk til alle som stiller opp, og til Larsnes Mek som gir oss oppdraget og i tillegg sponsar oss. Vi nyttar også høvet til å takke dei andre sponsorane Full rulle med trening og kampar, ser fram til trinn 3 i gjenopninga og normale tider til hausten.FULL FART I FOTBALLGRUPPAG16 klar til kamp.10 - LIL-Posten - Juni 2021

våre. Sparebanken Møre som er hovedsponsor for idrettslaget, samt Mare, Larsnes Last og Buss, Myklebust og Rostein. Utan denne støtta ha vi aldri kunne gitt eit so godt tilbod som vi gjer.Fotballgruppa set Fair Play svært høgt. Vi skal ha kampvertar på kvar kamp, og ber om at desse blir brukt Larsnes. Vi har kompetente dersom ein opplever uønska oppførsel eller hendingar på kamp. Det er også lov å ta kontakt med vår Fair Play-ansvarleg Margunn eller styret om ein ønsker å melde frå eller snakke om noko som er relatert til Fair Play. Fotballforbundet har også en ny varslingskanal som kan du også ein klubbrabatt.nyttast anonymt eller med namn. Denne finn ein på NFF sine sider om Fair Play.Fotballen sine verdiar er respekt, glede og fellesskap. samlingar. Vi håpar også at Målet er at flest mulig skal spele fotball så lenge som mulig. Vi i styret prøver etter beste evne å legge til rette for dette både for spelarar, trenarar, dommarar og styremedlemmar. Det skal vere kjekt og lærerikt å spele fotball på trenarar i alle lag og vi er sertifisert kvalitetsklubb. I år har vi Macron som vår leverandør av klubbkle. Om ein ynskjer å kjøpe kle, kan ein nytte seg av nettbutikken til Macron. Der er zipper, gensarar, t-skjorter, bukser, shortser og anna tilbehør. Om du opprettar brukar får No ser vi fram til ein tilnærma normal haustsesong med kampar, treningar, cuper og sosiale seniorlaget vårt kan kome i sving å starte med treningar og kampar til hausten. Beste helsingStyret i Larsnes IL FotballThomas, Oskar, Elisabeth, Heidi, Tobben og Aadne.LARSNES MEKer Stolt støttespelartil Larsnes IdrottslagLIL-Posten - Juni 2021 - 11

Spond er ein norsk mobilapplikasjon for organisering av idrett, korps og andre grupper. Ved hjelp av denne løysinga kan brukarane ha all organisering og kommunikasjon mellom lagleiarar, trenarar, medlemmar og føresette på éin stad. Fleire av gruppene i Larsnes IL har brukt Spond ei stund til organisering og kommunikasjon. Dette har fungert så bra at vi vil bruke dette i ein større samanheng, slik at «alt» blir samla på denne plattforma. Dette vil vere informasjon, kommunikasjon og utsending av treningsavgift og medlemskontingent, alt i éin og same app.Vi har allereie sendt ut treningsavgift for e-sport, turn og allidrett, og det har fungert veldig bra.Medlemskontingent for 2021 er også sendt ut, og over 250 medlemmar har allereie betalt. Dei som har problemer eller spørsmål til dette kan ta kontakt med medlemsansvarleg eller sende e-post til:[email protected] å bruke Spond som medlemssystem forenklar dette arbeidet i idrettslaget ved at medlemmane til ei kvar tid har oppdatert kontaktinformasjon sidan dei handterer dette sjølve i appen. Dette gjer det mykje enklare for oss i idrettslaget å ha god kommunikasjon med våre medlemmar og føresette.Fordelar ved SpondIdrettslaget får ei felles løysing som gjer at vi heile tida har oppdaterte lister over medlemmar og aktive.Fleksibilitet i registeret som gjer at vi enkelt kan sortere i lister og gjere utval.Enklare og meir effektiv kommunikasjon med medlemmar, aktive, føresette og støtteapparat rundt laga.Føresette og medlemmar skal oppleve at all dialog med idrettslaget og laga skjer kun éin plass og det er på Spond.God oversikt for den enkelte – her kan alle aktivitetar leggast inn (kampar, treningar, turneringar osv.), og det er lett å svare om ein kjem eller ikkje.All fakturering frå idrettslaget skjer frå Spond.Ei framtidsretta løysing der Spond er i kontinuerlig dialog med brukarane for å utvikle løysinga til å verte best mulig tilrettelagt for brukarane sine behov og ynskjer.Kom i gong med SpondLast ned Spond på mobilen eller nettbrettet ditt. All innmelding i Spond-grupper skjer via app på mobil eller nettbrett. Etter du har meldt deg inn i gruppa, kan du få tilgong til gruppa ved å logge inn på www.spond.noDersom du ynskjer å melde deg inn i ein aktivitet i idrettslaget søkjer du opp den gruppa du vil vere med i:Allidrett....... PAUYEE-sport......... NDEFJFotball.......... YAKVYLøpegruppa.. VYYIHTurn.............. HLVVWDei som administrerer gruppene får melding om at du ynskjer å verte medlem, og legg deg inn i den rette undergruppa. Du er då klar!Inne i appen kan du sende meldingar til andre i gruppa, og du kan legge inn innlegg. Ta gjerne kontakt med ansvarleg for den respektive gruppa dersom du treng assistanse.MEDLEMSADMINISTRASJON I SPOND - FOR ALLE GRUPPER12 - LIL-Posten - Juni 2021

Medlemskontingenten for 2021 er:Familie.... kr 500(2 vaksne + born under 16 år)Vaksen..... kr 250(over 16 år)Born......... kr 150Om du ikkje har motteke Spond-faktura kan du framleis betale inn til konto nr. 3906.30.37099. Vi vil då registrere deg og faktura for neste år vil då kome i app eller på e-post. Vi treng medlemmar for å halde fram med eit allsidig aktivitetstilbod i landsbyen vår, og håpar at akkurat du vil vere medlem!Du kan no også melde deg inn ved å gå inn på:www.larsnes-il.noDer finn du link til innmeldingsskjema. VI VIL GJERNE HA FLEIRE MEDLEMARALLIDRETT KLAR TIL NY SESONG TIL HAUSTENSidan sist LIL-post kom ut har allidrett gjennomført årets symjekurs på Sunnmørsbadet. Dette veit vi mange born gler seg til, så kjekt at vi fekk gjennomføre det denne sesongen også. Vi var også velsigna med ein kjempefin vinter i år, så avslutninga for sesongen blei på skeiseisen på skuleplassen. Der grilla vi pølse og kosa oss ute i minusgradene. Allidrett avsluttar sesongen til vinterferien, og startar oppatt etter sommarferien. Vi har allereie hatt kanoane liggjande på landsbystranda ei stund, å desse verkar å vere mykje i bruk! Dette synest vi er veldig kjekt!I år er Guro Hauge Rovde og Janita Kvalen nye medlemmar i styret, og Marita Gulbrandsen held fram som leiar eit år til. Vi er no klar for påmelding til ny sesong, der målgruppa er førskuleborn til 7.klasse Påmelding via Spond (PAUYE).Beste helsingStyret i AllidrettNorah Sætre Nystøyl og William Vattøy Gulbrandsen kosar seg på isen på avslutningsdagen til Allidrett. LIL-Posten - Juni 2021 - 13

Tekst og foto: Håkon VestnesSTOR STAS MED SKEISEISI vinter var det på ny lange periodar med minusgrader, og gode mulegheiter for å lage skeiseis. Til stor glede for både store og små.Stor honnør til dugnadsgjengen som laga til!Jentene storkosar seg på isen:F.v: Tuva Ekroll Riborg, Emma Sætre Nystøyl, Serine Berntsen Gjerde, Marie Aarvik Godø.14 - LIL-Posten - Juni 2021

På 90-talet var det stor suksess med skeisebane rundt stadion. I år vart det stor suksess med skeisebane på grusbana i Vardane.Eit godt grunnarbeid vart gjort, og det gjor at isen vart bra og låg lenge. Det var hockeykampar og leik om ein annan. Store og små, unge og gamle. Skuleborna brukte også isen i friminutt og i kroppsøvingstimane. Det gjekk omtrent ikkje ein einaste dag utan at der var aktivitet på isen.Når ein ser på skøyteløparar på fjernsynet, ser det så enkelt ut. Kor vanskeleg kan det vere å sette seg ned i posisjon og berre glide framover isen med longløparane? Det er vel nettopp vanskeleg det er. Det krev lang trenining, men er absolutt råd å få til. Det var fleire av skeiseløparane som synte svært bra takter, og har absolutt talent for dette. Det viktigaste er likevel gleda av å kunne leike og kose seg.I ei tid der det meste var nedstengt i samfunnet, var nok skeiseisen ein kjærkomen stad å sjå og treffe andre. Spesielt viktig var nok dette for borna, men dei vaksne på sidelinja sette nok også pris på å kunne prate litt med andre.Vi kryssar fingrane for minusgrader til neste år også! Justus Berntsen Gjerde gir tommel opp for skeiseis!LIL-Posten - Juni 2021 - 15

Bård DalenKaren-Marie Ekroll HjelleKarl Artur VasstrandThomas OksavikStine SætreMarita Vattøy GulbrandsenTrygve GaustadHåkon VestnesToril Urkedal 482 46 331 / [email protected] 40 857 / [email protected] 89 607 / [email protected] 18 932 / [email protected] 04 232 / [email protected] 80 019 / [email protected] 62 409 / [email protected] 80 353 / [email protected] 10 919 / [email protected]ØkonomiFotballTurnAllidrettTrimE-SportAnleggLILPOSTEN ­ Juni 2021 ­ Utgjevar: Larsnes Idrottslag ­ Sats og montasje: West Media/Håkon VestnesDet har i lange tider vore eit ønskje å ruste opp Vardevegen, den gamle ferdselvegen mellom Hallebygda og Larsnes.Heilt tilbake til 2001 var Larsnes IL på og fekk midlar til å starte arbeidet, men fekk ikkje avklara ein oppstart med dei involverte.No har vi gjennom fleire runder fått avklara med Sande kommune at dette arbeidet kan startast, kommunen har peika ut kvar traseen er. Kjekt at dei nye eigarane av Rønnebergtunet er positive og har hjelpt til – og at vi har fått tilsagn om spelemidlar.Så no står arbeidet att, vi håper vi er igong i haust – og skulle vi trenge litt hjelp til dugnad håper vi du er positiv å stille opp!VARDEVEGEN FRAM I LYSET IGJENLARSNES IL MED NY HEIMESIDEDet er no oppretta ei ny heimeside på nett, der det er meininga å finne tak i informasjon om idrettslaget og aktivitetane våre.Sidene inneheld informasjon om gruppene, anlegga, historia til laget, og endå meir til. Sida er no operativ, og vil verte tilpassa litt etterkvart når vi får innspel tilbake. Så har du eit innspel send det gjerne til oss på: [email protected] er:www.larsnes-il.no


Like this book? You can publish your book online for free in a few minutes!
Create your own flipbook